Hei. Har bekymring for at vår tilkomande svigersønn driv med dop og mistenker koakain. Han har veldig ofte raude auge og brukar ofte solbriller, enn om ikkje alltid sola skin. Vi har også oppdaga at det er minka kraftig på spritflasker når vi har sosiale lag. Det er kun bittelitte grann igjen på fleire flasker. Vi merkar det da vi brukar slikt som cognac og aqevit sjeldan. Han gjer seg da ærend i kjellaren for å hente f. eks. drikkevarer til andre.
Dette har blitt eit dilemma som vi ikkje veit korleis vi skal løyse. Vanskeleg i forhold til vår dotter og barnebarnet. Er det muleg å snakke med henne, men er redd det kan gjera vondt verre.