Takkar for svar på mitt spørsmål. Skal vere litt meir utfyllande om saka. Mannen var i si tid innlagd på institusjon for noko eg trur var angst (eg spør ikkje der). Kom seg i arbeid att, men han gjekk altfor tidleg over på trygd. Ein del år etter la han seg til eit stort alkoholforbruk på eit opphald i utlandet. Han er sosial og utadvend og taklar ikkje einsemd. Heime berre vaks problemet.
Ein felles kompis har gjort det som gjerast kan, til og med teke kontakt med mannen sin fastlege. Dermed kan eg slå fast er der er ikkje anna eg kan gjere enn å ikkje involvere meg for mykje. Eg kjøper fisk av mannen, og det hender eg er med han ut i den vesle båten hans. Han er flink der. Eg synes han masar for mykje, og han meinar nok at mitt liv er vel så bedrøvelig som hans. Men det er vel eit av kjenneteikna på alkoholisme at han er sjøvoppteken og ser ikkje problemet med hans eigen tilstand.
Trur han er redd for, og kanskje med rette, at det ikkje berre er alkoholismen som vert kurert ved eit opphald på institusjon. Samfunnet stiller kanskje forventningar om at ein skal kome ut som straumlinjeforma arbeidsnarkoman.

Mann, 63 år fra Møre og Romsdal


RUStelefonen svarer:

Takk for ditt innlegg og dine betraktninger. Det er ikke helt klart for oss hvilket tidligere svar du refererer til, og derfor blir det litt vanskelig å si så mye om dette.

Velkommen til RUSinfo!

 
Vi holder stengt alle røde dager i påsken.
 
Vi åpner igjen tirsdag 2. april kl 15.
 
Vi ønsker alle en god påske!