Hei!
Eg har ein kompis, som er 19 år, la oss kalle han Anders. Anders mista farfaren sin, som var hans «person» her i livet, i fjor eingong. Anders tar dette veldig tungt og bebreider seg sjølv for at han ikkje besøkte farfar før han døydde. Farfar var den einaste, som i Anders sine auge, forsto han. Anders har no eit alkoholproblem. Han drikk kvar einaste dag for å døyve tankar og vonde følelsar, og for å få sove. Anders er lærling og har jobb. Han har ved fleire tilfeller skada seg på byggeplassen på grunn av promille. Eg kjenner ikkje Anders veldig godt, men har begynt å vere mykje med han no. Eg ser han har det vondt og har foreslått fleire gonger at han oppsøker enten fastlege eller helsestasjonen for å bli vidaresendt for å få hjelp, for dette er gått for langt. Anders fekk sjå farfar etter han var død og dette er eit bilete som har «brent» seg inn i minnet hans. Korleis kan eg hjelpe Anders til å få hjelp?
Han slit og med sjølvmordstankar og snakker ofte om at han vil skyte seg når han er full. Han har våpen og kuler tilgjengeleg. Eg er veldig bekymra og veldig glad i han. Vær så snill og gi med ein peikepinn på kva eg kan gjere, for eg er rådlaus. Familien hans veit om at han drikker kvar dag, men gjer ingenting for å stoppe det.
Kvinne, 17 år fra Hordaland
RUStelefonen svarer:
Det er veldig bra at du bryr deg om vennen din og gjerne vil hjelpe han. Men det hender i blant at venner trenger mer hjelp en det en som venn kan gi. Det at vennen din snakker om å ta livet sitt er alvorlig og det er vanskelig for deg å takle på egen hånd.
Vi råder deg til ta kontakt med noen voksne du har tillit til. Det kan være foreldrene dine, helsesøster på skolen og Helsestasjon for ungdom.
Du er også velkommen til å ta kontakt med oss på telefon 91508588 ( alle dager 11-18) eller chat ( alle hverdager 11-18) for å snakke nærmere om situasjonen.