Hei.
Eg er djupt uroleg for min kjærast som har ein stor rusproblematikk. Alkohol i hovudsak, men også (og spesielt dei to siste månadane) andre rusmiddel(av dei eg veit; kokain, amfetamin, mdma). Mistenker også heroin. Men eg har ikkje peiling. Eg har fleire gonger opplevd han med det eg antar eg rusutløyst psykose. Han switchar mellom det eg opplever er totalt ulike personlighetar(shizofreni?) og stemningsleie(heile kjensleregisteret kjem fram). Han har fleire gonger snakka om sjølvmord i rusa tilstand. Han behøver hjelp. Men! Dette vil han ikkje ha fordi, etter pettest(blodprøvar?) vil dei ta sertifikatet hans og det er uaktuelt for han. Han seier sjølv at han ser han har problem og at han må trappa ned, men eg ser jo at han ikkje klarar dette på eigahand. Mitt spørsmål er; korleis kan eg hjelpa han? Er det mogleg å få ein person tvangsinnlagt? Kan ein senda bekymringsmelding ein plass? Alt eg vil er at han skal få hjelp.
Håpar de har gode svar.
På førehand takk.